Vedtekter for Stiftelsen Arkivet
§1. Namn
Namnet skal vere STIFTELSEN ARKIVET.
§2. Stad
Stiftelsen skal ha sete i Kristiansand.
§3. Formål
Formålet med stiftelsen er å eige og forvalte det tidligare Statsarkivet i Kristiansand som blei brukt som hovudkvarter for Gestapo under okkupasjonen (det einaste bygg i landet som kan tilbakeførast til sin bruk under krigen 1940-45), for å innpasse bygningen i eit informasjonssenter om okkupasjonen og krigstida 1940-45, og eit utdanningssenter for framtidsretta fredsarbeid og konfliktløysing. Siktemålet er å få til eit nært samarbeid med tilsvarande interesseorganisasjoner og sikre eit godt samarbeid med alle delar av utdanningssystemet. Stiftelsen skal drive og førestå vitskapeleg forsking på dei aktuelle fagområda.
§4. Grunnkapital
Stiftelsen har ein grunnkapital på kr 200 000. Grunnkapitalen skal vera urørleg, og minst ein tidel av avkastinga skal leggjast til kapitalen.
§5 Styret
Stiftelsen skal ha eit styre på fra 6 til 8 medlemmer med personlege varamedlemmer, valde for 2 år om gangen.
Styret skal representere både offentlege og private interesser i landsdelen og utgjere ei fagleg og historieinteressert gruppe som kan gjennomføre formålet.
Kristiansand kommune, Vest-Agder og Aust-Agder fylkeskommunar oppnemner kvar eit medlem og rådet eit til tre medlemmer til styret, alle med varamedlem.
Staten ved Utdannings- og Forskingsdepartementet oppnemner eit medlem med varamedlem til styret.
Venneforeningen oppnemner eit medlem, med varamedlem, til styret.
Ansattes representant med vararepresentant velges for to år. Ansattes representant har tale-, forslags- og stemmerett til styret.
Styret vel sjøl formann og nestformann for perioden.
Styret har ansvaret for drifta av stiftelsen og skipar til passande sekretariat og tilset dagleg leiar. Dagleg leiar tilset anna personale i samråd med styret.
§6. Rådet
Stiftelsen skal ha eit råd på inntil 25 medlemmer.
Valet gjeld for 2 år og rådet vel sjøl formann og nestformann.
Rådet skal representere offentlege og private interesser i
landsdelen og i landet elles, og setjast saman slik at det har fagleg breidde og ideologisk engasjement i samsvar med stiftelsen sitt formål.
Styret syter for første konstituering og stiller sekretærhjelp til disposisjon gjennom sekretariatet.
Rådet fastset vedtekter for stiftelsen.
Rådet har elles desse oppgåvene:
- velje medlemmer med varamedlemmer til styret i samsvar med § 5
- velje medlemmer til rådet i samsvar med § 6
- velje valnemnd på tre medlemmer
- handsame og godkjenne årsmelding og rekneskap
- gje råd i saker som styret sender over
- sjølv ta opp saker av interesse
- fremje forslag til endringar av vedtektene, dersom rådet finn det ønskeleg
Rådet har vanlegvis eit møte i året - innan utgangen av juni.
Styreformannen og dagleg leiar har møte- og talerett i rådsmøta.
§7. Rekneskap / Revisjon
Rekneskapen skal fylgje kalenderåret, årsmelding og revidert rekneskap skal leggjast fram for rådet til godkjenning.
Styret tilset revisor.
§8. Vedtektsendring / Nedlegging
Endringar av vedtektene krev 2/3 fleirtal i rådet.
Omlegging av drifta eller nedlegging krev 2/3 fleirtal i styret og tilslutning frå rådet
Ved eventuell nedlegging skal det samstundes gjerast vedtak om korleis eigedomen og andre midlar skal disponerast.
Tilskot til vitskapleg forsking skal disponerast i samsvar med denne føresetnad ved ei eventuell oppløysing av stiftelsen.

